Vi er på jorda for å erfare livet. Og i desse tider gir livet intense erfaringar. Ei elv med smertefulle kjensler fossar gjennom kroppen. Vi ser brutale leiarar undertrykke folket og kjenner maktesløyse. Vi ser urett og kjenner sinne. Vi ser justis mord og politiet sin maktarroganse. Vi ser krig og kjenner smerte. Vi ser media stillteiande sensurere bort opplysningar og blir forvirra. Vi ser manipulasjon av informasjon og oppdagar illusjonar. Vi ser minkande ytringsfridom og blir redde. Vi ser system i samfunnet som gjer vondt verre. Vi ser lovforslag at politiet skal bære våpen, alltid, sannsynlegvis grunna frykta at samfunnet er farleg å leve i. Alle inntrykka trykker seg inn i kroppen og skakkar opp sjela. Det presse på og presse seg ut. Og riv og slit i trua på det gode. Straumen av tunge kjensler flaume i kroppen og smertar hjarta. Dei borer seg gjennom kropp og sjel og etterlate usynlege spor av erfaring. Kunsten er å la elva med smerte renne gjennom kroppen og forløyse kjensla.
Vi treng heile spekteret av kjensler for å bli heile. Både det gode og det vonde. Alt er erfaring. Motivet på lerretet treng ein bakgrunn for å bli sett. Utan det eine ser vi ikkje det andre. Slik også erfaringa treng ein bakgrunn å skinne mot. Sorg og glede går hand i hand. Vi treng sorga for å kjenne gleda. Men når sorga er forløyst så er det gleda som lyser oss opp.
No ser vi ting vi ikkje såg før fordi vi er meir opplyste og alt lyset lyser opp mange skuggesider i samfunnet. Men når vi kastar lys over det mørke vonde så forsvinn det som dogg i sola. For når ting er avslørt så mister det makt. Kunsten er å erfare vårt fysiske liv her på jorda. Slik at vi kan utvide og utvikle oss til å bli større. Og kjenne oss sjølv fullt og heilt.