Silkemjukt og varsamt omkransar du alt, og fyller ømt opp alle krinkelkrokar med ny giv. Frisk luft. Utvidar deg som ein blåsebelg og fell saman og frigir det gamle. Tømmer kvart lite rom for gamal luft, pressar det ut og bort. Opnar opp for ein ny ladning med frisk energi. Veks utover, og søkk saman. Lydlaus og lett. Kald og frisk på veg inn og varm og tettpakka på veg ut. Fyller kvar celle i kroppen med levande energi. Pusten ein trufast følgjesvein gjennom dag og natt og veker og år. Ein livslang venn frå livet startar med eit pust inn til siste pust ut. Livet er eit pust i sivet. Det er berre eit pust mellom liv og død. Så kort, men likevel så langt. På autopilot flyr du ut og inn av kroppen og arbeidar på instinktet. Og på den måten festar oss fast til livet. Til universet. Og du er ekstra kraftfull dersom ein velvillig opnar opp og bevisst fokuserer på kontakten mellom oss. Men det er lett å gløyme deg og miste kontakten, og då flyte livskrafta berre forbi. Utan å bli tatt imot. Utan fokus. Og andre ting og tankar sperrar luftvegen i kroppen slik at du møter blokkering og motstand. Kunsten er å puste bevisst og kjenne pusten vandre som ein vind gjennom kroppen. Den kan vaske sinnet klart og reint og fylle opp med fredeleg ro. All kontakt med pusten er eit pusterom i kvardagen.