Eit polarisert landskap

Polarisering er eit astrologisk kjenneteikn for dette året, men kven kunne tru det skulle bli så gjennomgripande i det offentlege rom. Folk kvesse meiningane, dei er sterke og intense og til å ta og kjenne på. Som ei vippestong svingar det høgt opp og djupt ned og tyngda er i ytterpunkta.

Vi separerer og kløyver i to og har falt djupt inn i dualismen. Avstand splittar og deler og fordømer. Vi har et konstant behov for å karakterisere noko som betre eller verre, godt eller dårleg. Når vi identifiserer oss med egoet og eigne meiningar så skaper det sinne og frustrasjon som vert kasta utover. Egoet er drivkrafta som framstiller alt svart eller kvit, sant eller usant eller det er din feil ikkje min. Det viser kor djupt vi har falt inn i dualiteten. Sosial utvikling er rørsle mot heilskap, ikkje separatisme. Men for å skape endring må vi erfare polarisering fordi vi er her på jorda for å erfare. Det er eit steg på vegen i utviklinga vår. Det breste, det endre oss. Vi erfarer kor tett vi heng saman og kor avhengig vi er av alle brikker på kryss og tvers i verda for at alt skal fungere. Verda blir mindre og mindre og kliner oss til slutt saman til ein heilskap der grenser mellom land og strand kan forsvinne og separasjon mellom menneske kan smelte bort.

Kunsten er å gå innover i seg sjølv for å finne sanninga. Den er heil. Den er udeleleg. Gi slepp på egoet og heller kvile i auge av stormen. For ingenting er rett eller galt. Rett og galt er berre tung energi, og høyrer til det gamle regime. Dei gamle tidene er på veg bort og vi skal transformere bevisstheten over til noko nytt.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.