I norrøn mytologi er Loke den tvilsame karakteren blant æsene. Den største gleda han hadde var å skade æsene, men etterpå vart han ofte tvinga til å gjere godt igjen. Han stod oppreist for det han hadde gjort og stod ved sitt ord.

Men det verkar som vi har gløymt vår gamle gudelære. Å springe frå ord som er sagt er blitt allment akseptert og får lite konsekvensar. Det er berre slik det er i samfunnet seier vi og trekker på skuldrene og slikkar såra. Det er så lite, men det er ingen småting fordi det er fundamentet vi byggjer tillit på. Det stikk djupt når tillit vert broten. Og det eskalerer utover og vi sluttar å stole på ordet før vi ser det i handfast handling. Ballen rullar vidare og i neste omgang kjem bortforklaring og til slutt ei løgn midt i tryne. Det kan gå så langt at ein blir forvirra og misser seg sjølv fordi ein ikkje veit kva ein skal tru og lurer på om ein har misforstått. Kunsten er å gjennomskode spelet og halde fast på sanninga. Dersom mange nok har som leveregel å halde ord, så vil simpel spel falle i grus. Tar ein bort tillit mellom menneske så veks det fram mistillit. På eit folkemøte på Gulen med Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) om utbygging av vindkraft sa NVE at dersom kommunen sa nei til vindkraft så ville dei lytte. No er NVE i full gang med å køyre over kommunestyret sine meiningar og planlegg vindkraftutbygging på Gulen. Det er eit godt eksempel på at ord blir sagt og avtalar inngått, men så snart ein snur ryggen til så er orda verdilause. Å rasere naturen på Gaulen får heller ingen konsekvensar for NVE så lenge myndighetene velsignar kvarandre. Det er skammeleg, og rett kan det aldri bli.

Kunsten er å halde fast med eldgamal lærdom og stå ved sine ord. For det er ikkje småting å bryte ord. Eit ord er eit ord, og er fundamentet for at resten skal fungere både i samfunnet og i mellom menneskelege forhold. Det er sanning vi bygger tillit med.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.