Eit nytt år ventar og vi får håpe det blir eit godt år. Ordlyden er kanskje litt pessimistisk, men eg har ei stor indre tru på at vi er på rett veg og at alt ordnar seg. Ja, alt ordnar seg! Men tidene er intense. Mykje kjem til overflata på mange nivå og hjarteskjærande ting skal fordøyast. Dette er også ein del av prosessen mot lysare tider. Og denne evolusjonen som driv menneskeslekta framover er det aller største som skjer på jorda i dag. Men store omveltingar for menneska over kort tid kan vera smertefullt, og derfor blir kanskje ikkje året så godt for alle. Astrologi er eit fint verktøy. Men det er berre å krype til korset og innrømme at eg tok munnen for full i fjor med omfanget av endringar i den ytre verda. Utviklinga tar den tid den treng for å manifestere seg, sånn er det berre.

Når vi ser tilbake på dei tre siste åra er endringane i samfunnet store og synlege både med nye arbeidsmønster, digital kommunikasjon, reisevanar, økonomiske tider og mykje anna. Sannsynlegvis er omveltingane like store på det indre personlege plan, men dei er usynleg inntil vi lever dei ut i praksis. Først går vi innover og finn oss sjølv deretter sluttar vi å vera trollbunde av og bli bekrefta i den ytre verda. Slik vert subtile endringar synlege i det ytre. Før var vi samkøyrte og gjekk i takt, men plutseleg har vi falt i utakt. På ein veg opplever menneska fortviling og meiningsløyse i livet og kanskje ei frykt for framtida. På ein annan veg er menneske fulle av håp og livsglede og skaper livet sitt frå innsida ut. Og kan vera vegvisar til dei som ønsker følgja etter. Vi er på jorda med same kulisser og bakteppe og historie, men skaper kvart vårt bilde av verden.

Kunsten er å vera i verda, men ikkje reagere på den.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.