Astrologi er eit fint verktøy. Det kan gi peikepinn på kva som ventar oss framover. Det nye året vil avslutte med noko anna enn det startar og gi endringar både personleg og globalt. Astrologane seier også at når dette tiåret er over vil vi snu oss tilbake og vera overvelda av endringane i samfunnet. 20-tallet er det meste spesielle i menneske si historie og vi kan fortelje våre etterkomarar at dette har vi opplevd.
Men først skal vi gjennomleve dette året. Det er spennande tider. Illusjonar vil bryte saman og det vi før trudde var sant ser vi med nye auger. Astrologane seier vi blir skrekkslagne vitne til manipulasjon som blir avdekka. Forvirringa blir stor derfor er det lett å misse fotfeste og lure på om ein er gått frå forstanden. Kunsten er å flyte gjennom bilde som brest og knuser og stole på seg sjølv. Og vite at alle svara på det uforståelege ligg inni oss. Eit anna kjennemerke på året er polarisering. Meiningane er sterke og intense og strekker seg til ytterpunkta. Egoet ser alt som svart eller kvit, godt eller dårlig eller det er din feil ikkje min. Vi separerer og kløyver i to. Ord og tankar splittar og deler og fordømer og skaper fryktelig hovudbry. Vi har falt djupt inn i dualismen fordi vi er opplærd til å tru at det alltid er to sider av ei sak. Men krone eller mynt er berre to sider av same sak. Rett og feil høyrer til den gamle verda, men for å skape endring må vi erfare polarisering. Kunsten er trekke seg tilbake utan meiningar for ingenting er rett eller galt. Alt går over. Også i Amerika, men det vil ta tre fire år. For det handlar ikkje om kva presidenten heiter. I horoskopet til Amerika er Pluto return neste år. Prosessen, eller revolusjonen, er starta og det påverkar heile verda. Det som kjennemerker Pluto sin energi er at den pløyer djupt og rive opp det som ikkje fungerer. Det er opprivande, men det gir grobotn til noko nytt.
Det har sin pris å skape ei ny verden. Vi skal gjennom ein fødsel, og det er smertefull. Vi skal erfare bevisstheten som speglar samfunnet. Når illusjonar forsvinn sluttar gamle system å fungere og vi kan skape noko nytt. Sosial utvikling er bevegelse mot heilhet, ikkje separatisme og dualisme. Å skape ei ny verd er å sjå livet med nye auger. Kunsten er å snu ting på hovudet bokstaveleg talt.