Vi er mange som har gått innover for å bli kjent med oss sjølv og vikla oss ut av alt vi har vikla oss inn i. For å utvikle oss. Kvart einaste sår som gror er å fjerne ei lenke på foten. Og det blir ein lett og ledig av. Det er både smertefullt og tårevått å ruske bort fastgrodde mønster og snu gamal tankegang. Men no opplever vi fruktene av alt arbeidet, og det er lett å manøvrere rundt i dagleg livet. Ting fell på plass og tunge bører smuldrar opp. Livet flyt som flo og fjære i perfekt rytme. Vi vågar å vera fullt og heilt og lever sanninga. Det indre arbeidet har materialisert seg i eit lettare ytre liv.
Det er strevsamt og slitsamt å drasse rundt på gamal tung energi. Det er lett å henge seg fast i hindringar som dukkar opp eller emosjonelle utfordringar. Og det skjer ingen endring med å leite på utsida for å bli fri. Den einaste vegen å skape eit lettare liv går innover. Det er ingen veg utanom. Og ingen andre kan gå vegen. Ein må gå aleine. Det gode er at det finnes mange teknikkar og verktøy til hjelp, men ein må sjølv søke dei opp og vera villig å bruke dei.
Drivkrafta for eit djupdykk innover er trua på at livet er noko meir. Noko større. Ei gnagande kjensle pressar på og gir beskjed at det er på tide å gripe fatt. Og utvide livet. Som ei vekkarklokke ringer for at vi skal vakne opp. Og slik tidene er skrudd saman no så fungerer det best å vera lett til beins. Kunsten er å gi slepp på den tunge energien vi har innabords slik at det blir lettare å manøvrere i det ytre. Løfte oss opp til eit lettare og luftigare liv bokstaveleg talt. Det er å leve innanfrå og ut.