Vi lever bokstavleg talt eit lettare liv. Før spiste kraftkarer med tungt arbeid og hardt slit tung mat for å mette kroppen. Men no er arbeidet gått til hovudet på oss. Dei fleste gjer lett fingerarbeid framfor datamaskinen og treng mindre mat. Vi ser same utviklingstrekk for mat som frekvensane til jordkloden. Begge deler blir lettare. Derfor er kunsten å ete lettare mat slik at vi svingar i takt med den frekvensen vi lever på.
Kunsten er å vera bevisst kva ein puttar inn i munnen. Og tilpasse kroppen sakte men sikker slik at den får nok næring og unngår abstinens av lettare mat og mindre sukker. For alle naturlege prosessar vi menneske går gjennom tar tid. Aktivistar har kjempa for rein mat og lukkelege dyr lenge, men blitt gjort til latter undervegs. Men når ting blir sjølvsagt og innlysande så veit vi kva som er rett. For mange år sidan flimra bilde over skjermen av hormonsprøyta store oksar som ikkje kunne stå på beina. Men vi dyssa det ned for det skjedde i utlandet og ikkje i vårt litle land med vakker natur. No er vi meir opplyste og treng ikkje reise langt får å sjå aggressive grisar og masseproduksjon av kyllingar som vert sprøyta både hud og mage full. Eller stressa fisk som står som sild i tønne. Og grønsaker og frukt blir sprøyta med gift for å vekse fort og aldri mygle. All tungmetall og kjemiske stoffer lagra seg i næringskjeda og menneske kroppen blir dopa ned av slagg og giftstoffer.
Men sanninga er kome for ein dag. Vi er blitt opplyste, og vi kan velje det reine og naturlege. Det kostar, men det er kroppen verd. Kunsten er å verdsetje seg sjølv nok til å gi den naturleg og rein føde.