Det er ikkje meining med alt vi gjer. Og det er ikkje meining i alt som skjer. Men det er meiningsfullt å kjenne ei kriblande morgonstemning renne gjennom kroppen og frydefullt omfamne den nye dagen med undring og glede. Og avdekke kva dagen bringer av glede og smerte eller fiasko og suksess. Det er det å ha kontakt med alt ein møter gjennom dagen som lagar levande liv og gir meinig. Kunsten er å nyte heile spekteret av livet og leve livet når livet er der.

Men mange opplever at den eine dagen er lik den andre. Ein runddans med fastspikra dagar utan store krumspring. Den er tom fordi om den er proppfull av verdiskaping og aktivitet. Ein grå kvardag som er lite givande, meiningslaus og trist. Og dagen susar sanselaus forbi. Enten fordi det er travelt eller ting har storkna fast. Kunsten er å gjere forandring dersom det berre er krav og forventningar som drar ein ut av den varme senga om morgonen. Når ein fungerer meir enn ein lever er det tid for å tenkje nytt, og finne ein ny vinkling på dagen og fylle den med noko anna.

Kunsten er å tru at det er muleg å leve meiningsfulle dagar kvar dag. Og finne ein utveg til å gå ein ny veg. Å gjere endring er risikabelt og det krev eit løvemot. Og fallhøgda er ukjent. Men det gir meining å bli meir levande.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.