Eit manifest er eit uttrykk. Det kan vera smått eller stort, men er ei tydeleg erklæringa som kan gjere djuptgripande endring. Vi har alle eit manifest å proklamere. Ein misjon i livet.

Vi må uttrykke for å realisere. Slik vi materialisere materielle gode som bil og hus og ein garderobe med hundrevis av klesplagg. Men i vår materialistiske overflod er det noko som tyngjer fordi det manglar. Vi har eit hjarteskrik. Som å bli tatt vare på og bli sett og ha hjartekontakt med andre menneske. Å uttrykke djupe kjensler gjer det indre liv levande og synleg for andre. Men til mindre ein uttrykke til meir fastlåst blir det. Utan uttrykk blir det nedtrykt. Alt som manglar uttrykk klumpar seg fast i kroppen. Å trykke ut sine indre behov fjernar grumset og alt blir klarare. Lettare. Og fritt. Å forløyse faststørkna klumpar skapar fridom. Behov og lengsel i det indre skal fødast i det ytre, og det kan mange gonger vera ein hard fødsel. Livet inviterer til ulike erfaringar og gjennom erfaring samlar vi bitane saman for å bli ein større bit av oss sjølv. Kunsten er å setje uttrykk på sitt innarste og slik forme seg sjølv i det ytre.

Vi har kvar vår unike veg. Små bevisste steg kan skape underverk. Eit skaparverk. Kunsten er å avdekke og uttrykke sin eigen originalitet og slik manifestere seg sjølv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.