Ein labyrint av villeiing

Du har sikkert fått med deg at forbrukarrådet i Norge og EU og langt utover Europa sine grenser no tar til orde for å verne folk mot det skitne spelet som Facebook og Google og andre nettgigantar spele for å overvake folk. Eg synes spelet er så graverande og farleg for menneskeslekta at det fortener nokre ord. Og til fleire som vaknar opp og skjønar spelet, til større og sterkare vert bølgja som kan gjere endringar slik at vi får eit gjennomsiktig og ærleg nettliv.

Eit enkelt menneske er maktelaus i kampen mot  verdensnettverka. Derfor tenner det lys og håp når tunge system  talar brukaren si sak. Dei kartlegg og påviser korleis nettgigantane villeiar og lurer folk til å ha opne personinnstillingar og frivillig lar seg overvaka og dele privatlivet. Vi aksepterer fordi vi gir opp undervegs i den tunggrodde og innvikla klikkeprosessen for å sei nei. Facebook fører oss inn i ein krunglete labyrint som vi til slutt går oss vill i fordi det finnes ingen veg ut. Vi finn aldri sakens kjerne. Vi blir manipulert.  Og til sist blir vi forvirra og likegyldige, og lar oss drive med som daud fisk i sjøen.  Og det er eit faresignal i eit samfunnet.

Kunsten er å vakne opp og krevje endring i overvaking og misbruk av personlege data. Derfor er det ei stor gåve at forbrukarrådet og andre no kastar lys over saka. Og når presset vert for stort så fell Facebook sjefen på kne for å orsake slik han gjorde då Cambridge Analytica skandalen vart avdekka. Vi får håpe det er ærleg og sant meint slik at vi ser varige endringar og eit betre klima for bruk av persondata.

Lenke til eit par omtaler:

https://www.nrk.no/norge/1.14452342

https://nrkbeta.no/2018/06/27/datatilsynet-vil-drofte-forbrukerradets-rapport-med-europeiske-kollegaer/

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.