Eg var utpå med kajakken og fekk erfare kor viktig balanse er. Ein lett kajakken er både vinglete og ustabil, og kan gå rundt for eit godt ord. Derfor vaktar eg på uroleg sjø. Plutseleg ser eg bølgjene kjem frå fleire kantar, og smeltar saman til ein topp rett framfor meg. Då gjeld det å bruke all kroppsvekt og balansere bein og padleåre og konsentrere meg i møte med bølgja. Eg såg baugen kom til å treffe midt i kryssingspunktet til bølgjene, og eg tenkte kva skjer no. Det som skjedde var ei kraftig ro. Midt i skjeringspunktet var kajakken urørlig og eg kjende ei kraft som bar meg gjennom senteret av bølgja. Det var stor oppleving å gå upåverka gjennom det. Og kjensla av krafta som bar meg tvers gjennom utfordringa. Fast og sterk. Vi har alle ei indre kraft som kan vera motvekt til ytre kaos og støy og spetakkel.
Kunsten er å oppdage denne krafta og finne balansepunktet. Midt i stormen sitt auge. Å vera trygg i seg sjølv er å vera i balanse. Ikkje la seg rive med i det som skjer rundt omkring når ordveksling og kjensler vert kasta som glør på bålet og tappar kreftene tomme. Å stå i si eiga kraft betyr ikkje å vinne alle diskusjonar, men å vite sanninga. Sanninga treng ingen forsvarstale, den lever vidare utan. Det er i midten ein finn balansepunktet. Kunsten er å finne tilbake til stormen sitt auga.