I natt «jag drømde det var fred på jord och alla krig var slut». Men vaknar opp til blod og tårer og opne flenger. Terroren i Nice føyer seg inn i rekkja av mange vonde handlingar den siste tida. Menneskeslekta har lidd nok no. Det er på tide at lidingane tar slutt.
Eg sit hjelpelaus i mi eiga stove og lurer på kva eg kan bidra med for fred til menneskeslekta. For det første kan eg stenge av såkalla nyheiter der våpen drep og armar og bein vert knust og håp og draumar døyr. La det vonde spasere forbi utan å feste seg fast. Registrere men ikkje reagere. Ignorere fryktviruset som trykker oss ned. Eg kan ganske enkelt stoppe straumen av vonde bilde med å skru av og gi slepp. For det andre er kunsten å vera bevisst kva eg gir krefter og energi til. Som krone og mynt heng saman kan eg med frie vilje velje den eine sida og snu ryggen til den andre. Slik vi gjorde då vår eigen hovudstad vart råka av terror for nokre år sidan. Vi valde å gi energi til trua på kjærleiken. Og gav slepp på frykta. Det ein fokuserer på får uana styrke, og den andre sida visnar. Vi er alle ei lita celle i den store varme menneskeslekta. Og ei lita celle kan spreie varme bølgjer som treffe i mils omkrins. Hjartevarme spreier seg som rennande vatn og trekkjer inn overalt. Og varme kan smelte svære kalde isfjell, og transformere det over til noko nytt. Utan næring stoppar vondskap. Utan kraft kan det ikkje overleve.
Og sist men ikkje minst – tru og drøyme. Ha ei sterk tru på draumen at menneskeslekta skal leve i kjærleik og fred. Omslutta av varme og glede og la det gode i menneske slå sterke røter. Vi har lidd nok no. Kunsten er å halde fast i draumen om fred.