Vi skaper alle vår eiga historie der ein sjølv har hovudrolla i eige liv. Det er ingen andre som kan skrive denne forteljinga. Og den spring ut frå den indre opplevinga til hovudpersonen, og korleis livet ser ut frå denne vinkelen. Det er berre ein hovudperson i di historia, alle andre har ei birolle.
Vi møter livet frå ulike vinklar. Mi historie og di historie om ei felles oppleving kan vera ulik som natt og dag. Fordi du berre ha ei birolle i mi historie, og det er eg som er historieskaparen og lagar rolla di. Di historie er ei anna historie fordi di indre opplevinga og erfaring og din væremåte er ulik min. Vi tolkar ting ulikt. Og har ulik meining. Di historie er ein projeksjon av ditt bilde om meg, men har ingenting med meg å gjere. Eg kaste ikkje bort tida med å ta det personleg fordi vår indre referanse og synsvinkel er ulik. Derfor er mi historie alltid sann uansett kva andre meiner, men den treng ikkje vera sann for andre. Og det som er så fantastisk er at eg kan endre min eiga historie ved å endre på det eg trur om meg sjølv . Og gjere den meir ekte og sann. Dersom ein trur ein ikkje er god nok, så kan ein endre karakteren til hovudpersonen og heile historia vil endre seg for å tilpasse seg den nye hovudpersonen. Eller hovudpersonen ønskjer ei forandring i livet, så er kunsten å lage ei ny historie.
Kunsten er å forstå at alle menneske er sin eigen unike historieforteljar. Det ligge i vår natur å finne på historier og tolke alt vi oppfattar. Men utan bevissthet gir vi historia kraft til å skrive seg sjølv. Derfor er kunsten å vera bevisst kva historie ein skaper, og skape den historia ein drøymer om. Kunsten er å gi historia kraft slik at den lever livet for oss. Alle er midtpunkt i si eiga sanning.