Når det stormar som verst, er vårt naturlege instinkt å finne ly. Alt i naturen søkjer likevekt for å bruke minst muleg energi. Kunsten er å trekkje seg inn i bukta der det er ly for vinden og fast grunn under beina.
Alle har ei stille hamn der ein er ankra fast i seg sjølv og den indre roen er upåverka av tid og stress og hektiske travle dagar i det ytre. Å utforske det stille rommet og finne sitt indre ankerfeste kan vera ein livslang jobb. Men det er verdifullt å prioritere for å vente til seinare viser seg ofte å vera ein ulukkeleg strategi. Utfallet er ofte eit rop om hjelp å bli løyst frå trældom og finne fridom, avdekke meiningsløysa som dekke over gleda eller eit tankespinn på ting som spinn i dagen og klistrar ein fast i karusellen. Og karusellen går rundt og rundt og rundt i det uendelege. Eller den stoppar brått og brutalt av sjukdom som rammar eller nokon døyr eller ein tragedie slår inn. Men utan å prioritere fokus på det indre livet, så fortset karusellen for full rulle. Og ein gir avkall på det mest vesentlige i livet nemlig det å leve livet. Vanskeleg å finne tid? Det stemmer, men det er ikkje eit spørsmål om tid, men eit spørsmål om kva ein vil med livet. Vil ein hengje som ein marionett i stormfullt vær og føye seg etter andre si pipe utan kontakt med seg sjølv? Eller vi ein vera herre i eige liv og finne ankerfeste i ei fredeleg hamn? Slik verda er spikra saman så blir alt meir og meir travelt framover og galopperer i rasande fart for den som ikkje har jorda seg fast i kropp og sjel.
Kunsten er å finne sitt indre trygge ankerfeste der nærværet til livet er sterkt og klart, og berre observere stormen og kaos på utsida utan å vera ein del av det.