Den vesle jenta rive raskt dokka til seg dersom andre byssar den. Seier det er mi dokke før ho kan snakke, og plasserer ego-et i sentrum av seg sjølv. Og slik veks ego-et vidare med å fragmentere verden mellom seg sjølv og andre, det er mitt og det er ditt. Ei todeling blir krystallisert i sinnet.
Å setje fingeren på egoet er vanskeleg. Det er min livshistorie, mitt namn, mine venner, min jobb og mitt hus. Byggjer førestilling og bilde av seg sjølv. Men i ettertid er livshistoria berre eit minne, som kveilar seg fast i bevisstheten. Eit namn gir assosiasjon om sosial status, ei hending eller rykte, men fortel lite om kjernen til menneske. Som ei vaktbikkje kveilar ego-et rundt på innsida, og vil gjerne sitje på ei trone og ha fullt herredøme og kontroll over kropp og sjel. Seier kva han meiner og skjeller ut. Gir dårleg samvit for ingenting. Og lar tankane romstere om rett eller galt. Kunsten er å gi et spark bak og be han tie. Han lar seg beundre av makt, suksess, fysisk styrke og intellektuell briljans. Og når ego-et ikkje triumferer så lir det som eit offer. For ego-et er svært sårbart, han treng mental føde for å overleve. Ego-et er usynleg, men likevel dominerande i livet. Ingen er eit ego. Det er dette som er så merkeleg og ofte vanskeleg å frigjere seg frå.
Kunsten er å forstå ego-et sin natur og avsløre bedrageriet. Å få sjølvinnsikt og innsikt nok til å sjå seg sjølv frå utsida. For opplysning er ego-et sin verste fiende. Kunsten er å setje lys på ego-et.