I tomrommet etter faren så reiser Maud Angelica seg opp og spreier utover vare og vakre og sanne ord med ei kraft som nesten tar pusten frå oss. Eg blir rørt til tårer når eit barn kan vera så kraftfull. Eg blir rørt til tårer når eg oppdagar kor mange sterke små og store menneske som dukkar opp rundt meg. Eg blir rørt til tårer når eg ser styrken vi menneske bærer i oss.
Med dei små orda «Du og» som ei siste helsing til faren, sa ho indirekte at ho hadde tatt imot farens ord og verdset seg sjølv som ein glitrande diamant. Ho trur på seg sjølv og sin eigenverdi derfor er ho kraftfull. Stolt viste ho fram den finaste teikninga av faren. Kva andre meiner betyr ingenting fordi ho sjølv veit det er den beste ho har laga så langt. Ho set ord på sorga si med å fortelje om portrettet, og gir det emosjonelle ein synleg plass. Med eit autentisk og ekte språk treff ho hjarta til menneska rundt og når ut med bodskapen sin. Det er så enkelt å vera kraftfull. Berre å sei sanninga og følgje kjensla og kjenne den rette handlinga. Og vera glad i og stolt av seg sjølv. Men det er ein livskunst å praktisere. Det krev stryke å oppdage kor uendeleg kraftfull ein sjølv kan vera. Ein kan bli mo i knea av mindre. Å stå i eiga kraft er å vera eit kraftfullt menneske.
Kunsten er å stå i seg sjølv og være seg sjølv. Vi har alle ei indre kraft å vise fram. La oss ta orda til Maud Angelica til vårt hjarta og gjere som henne og verdsetje oss sjølv som ein glitrande diamant. Kunsten er å stråle i eiga kraft.