Drivkrafta driv oss gjennom livet. Gjennom dagen. Det betyr i grunn lite kva ein gjer. Det vesentlege er å ha livsgleda med på laget, og bevisst leggje merke til alt det vakre som dukkar opp og små ting som gir livet ei ny og djupare meining. Kvar dag.
Men mange heng viljelaust knebla fast i dei sterke kreftene i det ytre dragsuget, og fyke som ein rakett i forrykande tempo frå morgon til kveld. I eit dragsug med travle aktiviteter der drivkreftene er plikter og krav eller legge seg flat for at pengane skal tikke inn på konto ein gong i månaden. Slepper taket i seg sjølv og lar det skure å gå. Famle seg fram i mørket som ein blind person. Utan lyspunkt. Kreftene som styrer gir meiningsløyse, og den indre driven manglar. Spørsmålet er om ein lever for å jobbe eller jobbar for å leve. Det er lettvindt å bruke daglege rutinar til å distansere seg frå seg sjølv, og redusere livet til ein praktisk betraktning. Ein gjennomgang. Fortrenger det som vil sprette ut og lar fornufta ta kontrollen over det ufornuftige. Det er tankevekkande at så mange i samfunnet prioriterer bort å reflektere over meininga med livet og er utan bevissthet på kreftene som styrer ståket. Og manglar handlekraft til å skape eit drivverdig liv. Kunsten er å spele på lag med drivkreftene for dei skaper livet ein lever.
Vi er alle ansvarlege for å skape og fargeleggje vårt eige liv. Kunsten er å elske det ein gjer og gjere det ein elskar. Slik at hjarta vert fullt med takksemd og ein ser tilbake med tilfredshet.