Ein kulehøg dråpe bunden saman av sterke underlege krefter brest og flyt over. Nok er nok, grensa er nådd. Tilpassar seg for mykje og smeltar saman med andre dråpar.

Det er lett å misse seg sjølv midt oppi kvardagen sine plikter og kav. Eit rop her og eit hopp der og eit klikk for å sjekke sosiale medium, der alt flyg forbi. Trur folk går sundt dersom ein seier nei, og dråpen flyt utover og innimellom alle andre. Passar på at alle har det godt. Støttar oppunder dei som treng ei støttande hand og gir godhjarta av seg sjølv, utan tanke for at dråpen minkar. Berre auser av det sosiale intellektet, som skjønar kor andre sin sko trykkjer. Tar på seg rolla å mekle og finne løysingar. Forstår andre si sjel og meiningar trill rundt. Når andre legg det vonde utanpå for å kvitte seg med det, så tar ein imot og synes synd på. Og blir tunglasta. Går i forsvar for det svake ledd, og snur seg rundt og støttar der andre treng støtte.

Sjølvutslettande flyt dråpen utover, og blir flat og utstrekt utan grenser. Til slutt ligg dråpen flat og utstrekt i alle retningar og fingrar seg innimellom litt her og litt der. Tilpassar seg omgivnaden, tar omsyn og stillteiande aksepterer dagen lang. Medan den runde dråpen minkar og blir spist opp bit for bit. Viskar seg sjølv heilt ut. Forsvinn til ingenting fordi ein dråpe utan grenser forsvinn. Kunsten er å finne den hårfine balansen og lage tydelege grenser rundt seg sjølv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.