«Det du er, vær fullt og helt, og ikke stykkevis og delt» skreiv Ibsen. På tross av gamle ord og visdom er det mange som bedrar seg sjølv. Og dagane kan bli meiningslause dersom ein lar det skure og gå.  Fordi å berre leve på overflata utan å grave litt djupare innover kan bli både tomt og kjedeleg.

Å vera autentisk er å vera ekte med seg sjølv. Men det finnes ingen snarveg for å løyse opp i vonde kjensler som dukkar opp eller gamle sår som gjer vondt. Ein må jobbe seg gjennom for å bli kvitt det. Må gå inn i hemmande mønster og reaksjonsmåtar for å gjere djuptrivande endringar i kroppen. Det tar tid og ein må vera villig til å gjere det. Å dukke innover i det indre landskapet er å bli betre kjent med seg sjølv. Slik at ein kan handle i tråd med det ein faktisk er. Det er alltid første steget som gir ny retning. På veg til noko nytt. Kunsten er å stå oppreist i trua at det er muleg å leve fullt og heilt. Så får det heller koste kva det koste vil for det er verdt både tårer og smerte. Ein kan bli ribba og kvista, men sjela får fred.

Kunsten er å vera modig og ta det første steget. Når første steg er tatt så vil himmelen støtte og applaudere. Hjelpa kjem frå uventa kant. Dører opnar seg. Ting som ein eigentleg ikkje trudde kunne skje legg seg til rette. Å velje i tråd med indre verdiar og vera autentisk med seg sjølv gi meiningsfulle liv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.