Den nakne essensen er rein, klar, enkel og naturlege, og skin med letthet gjennom. Essensielle kvalitetar er takksemd, medkjensle, glede, fred, lidenskap og kjærleik, og er kjenneteiknet på det vesenet mennesket er. Eit konsentrat av kva vi er.

Konsentratet av eit stoff. Slik eit kort resymé av rapporten gir essensen av innhaldet. Er rapporten utflytande og overfylt med ord så er det vanskeleg å finne essensen. Men er den samanfatta og tydelege er det enkelt. Og vi sit igjen med tyngde og tetthet. Slik essensen i kvart menneske er lys levande når ein skreller av lag på lag på lag med alt vi vernar oss bak. Vi pakkar oss inn og skjuler essensen, og personlege masker undertrykker og fortrenger bort det essensielle. Vi eksisterer meir enn å leve. Men essensen kan aldri forsvinne fordi den er integrert og innebygd inn i alle ledd og porer og celler og årer. Vi berre dekker over og skitnar til med tankar og meiningar og ego og emosjonar og kulturelle oppfatningar og lærdom overført frå generasjonar bakover i tid. Og reaksjonsmønster og forståing av verden gror fast. Hadde vi berre vore så levande og truskuldige som barn er første leveåra så hadde livet vore mykje kjærleik og glede. For dersom vi blir meir eksistens enn det essensielle, så er det på tide å starte avdekkingsprosessen. Forløyse smerte og nedtrykte kjensler og la det vonde tyte ut. La alt ein er flaska opp med bli avlært. Livet er ein avlæringsprosess for å finne essensen.

Kunsten er å avdekke vår indre essens og la godleik og kjærleik vera dominerande essens i livet. Det essensielle. Det luktar så reint og klart. Det lyser så blankt og kvit.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.