Ein aktivist skaper alternativ. Og mange aktivistar er putta i boks og kalla «alternative». Eg mislikar den negative undertonen som kleber seg til ordet. Ein undertone som dømer og fordømer andre sine verdiar. Skulle nesten tru ein snakka om kriminelle eller mindreverdige folk. Noko klar definisjon av «det alternative» trur eg ikkje finnes, men ein kan jo gå i seg sjølv og identifisere kva ein legg i ordet.
Massemedia har gjennom mange år forvrengt eit bilde som spelar på redsel for det nye. Ei gruppe av nokon som er utanfor, underforstått noko negativt på kanten av det normale. Alternativ holistisk helsebehandling har fått hard kritikk opp gjennom åra, men er no meir akseptert. Før var det alternativ mat, men no skjønar folk at økologisk mat er reindyrka og ekte. Derfor har organisk naturleg mat har fått godkjent stempel. Før kjempa «dei alternative» for miljøet, men no har aktivistar skapt ei folkerørsle verda over som er godt synleg. Eg fekk høyre eg var alternativ når eg dansa 5-rytmer, og då skjønnar eg ingenting. Vel handle det om å danse den intelligente kroppen for å forløyse spenningar og blokkeringar, men i mitt hovud er det berre naturleg dans.
Mi oppleving er at undertonen av «det ekte» heldt på å sprekke opp til overflata i samfunnet. Eit opprør i samfunnet som massemedia prøver å gjere til latter før det blir innlysande sant. Eg trur faktumet er at «dei alternative» har vore føregangs menneske og vist veg til oss andre. For frie sjeler går sine eigne vegar. Det finnes ingen alternativ veg, det finnes berre ein sann veg.