Dagleg dukkar det opp freistande reisemål til spennande stader og opplevingar av ulik slag. Vi reiser for å tilføre kvardagen noko spennande eller for å bringe tid saman med venner. Og blir sprekkefulle av inntrykk. Det gir energi, men stel og stillheten i sinnet vårt.
Til meir vi opplever, til meir vil vi ha. Oppdagingsferd til Grønland eller Himalaya eller storbyar eller rundreise rundt jorda eller til Cuba på sykkeltur. I eit samfunn der alt ligg til rette er det snart ingen grenser kor ferda går. Det er berre fantasien som stoppar opp. Og når reisa er slutt tar vi med oss heim mange fine bilde å syne fram og minner om medmenneske ein spela saman med sjølvsagt.
Alle reisene skaper bråkete samfunn, og kanskje vi snart har nådd ytterpunktet for ytre reiser. Naturen lever eit stille liv og utfaldar seg der den er. I tusen variasjonar og eit harmonisk samspel. Den vibrerer balanse og lever i stillhet og ro. Utan balanse er det ingen ro. Mange stressa menneske søkjer ro, og då nyttar det lite å reise verda rundt og samlar oppleving på det ytre plan. Blir det for mykje så vippar det over og ein misser seg sjølv. Og det som er så fasinerande er at ein faktisk ikkje treng reise ein centimeter for å ha store opplevingar. Til meir ein skjønar dette, til færre ytre reiser trengs. Som alt anna i livet er kunsten å finne balanse.