Bokstaveleg talt har verden endra seg. Ikkje fysisk, men måten vi lever livet på. Og vi ser mange ting med nytt blikk. Prosessen med det store skifte i bevisstheten til menneskeslekta er starta. Kunnskap og oppdagingar og teknologisk utvikling har utvikla seg i takt med tida, medan vi menneske har stått på staden kvil i to tusen år. Men no er det på gang eit energetisk skifte vi aldri før har erfart.
Vi står midt i brestepunktet til nye tider, og det er utruleg spennande å få oppleve når den nye verda utfoldar seg. Fødselen av ei ny verd er starta og alle fødslar er smertefulle og det tar tid. I overgangar frå det eine til det andre oppstår det naturlegvis kaos. Og frykt og redsel buldrar og bråker. Vi må bryte opp for å bryte ut. Og medan smerta rir blir den nye verda stadig tydelegare og klarare. Det gamle kjente raknar i kantane og gamle spelereglar fungerer ikkje lenger. For det gamle må døy før det nye kan vekse fram. Dagen sine store tunge system kan i framtida bli lette og gjennomsiktige. Vi kan skape eit skulesystem der alle kan bli gode. Få nye politiske system utan maktmisbruk og korrupsjon. Og rettferdig fordeling av pengar og ressursar. Skape likeverd og rettferd blant alle menneska. Og la tillit og kjærleik løfte oss opp. Dette er naturlege verdisystem som får menneska til å bløme og vekse. Mange har kjent seg oppgitt og hjelpelause i dei gamle tunge systema. På ein måte umyndiggjort. Og det er nesten blitt slik at vi ikkje brydde oss fordi overmakta var for stor. Men i den nye verda er alle menneske unike og ein viktig brikke i systemet. Alle er ein murstein i muren. I takt med at bevisstheten utvide seg skaper vi den nye verda.
Ei ny verd ser dagens lys. Sanninga foldar seg ut i eit tempo vi aldri før har opplevd. Kunsten er å flyte med i den nye straumen og gi slepp på det gamle. Dei som ventar på at ting skal bli som før, ventar forgjeves.