Tida rullar i nytt og raskare tempo no fordi jordkloden svingar med høgare frekvens og roterer fortare enn før. Dette betyr i praksis at dagen er kortare. Den har kortare rekkevidde for å sei det sånn.

Før kunne dagane vera innhaldsrike med både jobb og middagslaging og tid til å lese avisa før neste aktivitet eller besøk. Vel heime om kvelden kunne ein ta siste overblikk på dagen og så legge seg i skapleg tid. Alt dette kunne dagane roleg innehalde utan å skape stress. Men den tida er over fordi no strekke ikkje tida til. Ting tar lenger tid fordi om jobben er som før. Det verkar som fysiske aktivitetar har fått større treghet. Som eit jetlag. Forstå det den som kan. Heldigvis skjer evolusjonen vi er midt oppi gradvis nok til at vi endrar oss i takt med endringane. Og tida. Livet er bokstavleg talt mykje lettare no. Data teknologien har endra levemåten og vi kan utføre store ting med berre ein finger på tastaturet. Eller vi samhandlar og kommuniserer med andre akkurat i øyeblikket der det før var fysisk avstand å forsere. Derfor skjer alt raskare no.

Å flyte med i tida er den nye kunsten. Det er å ta eit pust i bakken og gi slepp på tankespinn og vera årvaken til sinns. Kunsten er å oppdage synkronien i livet der alt fell naturlig på plass. Og det rette dukkar opp på rett tid på rett stad. Det er heilt i orden å nekte å tru at tida har endra seg. Men til lenger tid det tar før ein innser endringa til strammare vert tidsklemma rundt dagen.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.