Vi blir ført bak lyset med bortforklaringar. Å forklare høge straumprisar med tomme vassbasseng fungerte berre ei kort stund inntil vi kom på at lite regn har vi hatt med jamne mellomrom i alle år, utan at prisane har skote til vers. Rota til problemet er kraftpolitikken som er styrt med fast hand i mange år og no slår tilbake på mening mann. Kapasiteten på sjukehus og overbelasta helsepersonell vert bortforklart med uvaksinerte korona pasientar. Men rota til problemet er nedlagte sjukehus og sengeplassar, og kapasiteten er dermed kraftig redusert. Overarbeida helsepersonell har ropa varsko i mange år utan å bli høyrd. Bortforklaringa med å innføre bompengar var å redusere bilkøyring for å spare miljøet. Men når verkemiddelet faktisk verkar, så skjønar vi at det er ei indirekte avgift for å fylle opp pengekassa til å byggja nye vegar.  Det er mange eksempel på korleis vi blir halde for narr eller rettare sagt manipulert. For vi ser nok berre toppen av isfjellet.

Så derfor ulmar det av mistillit blant folk. Men ting blir avslørt raskare no fordi vi er inne i eit skifte av bevisstheten og stolar meir på vår indre bjølle. Å dekke over sanninga med bortforklaring er eit maktspel som er vanskeleg å skjøna. Men det vi alle skjønar er at skal vi bygge tillit og gode samfunn, så er sanning første regel. Vi er kome til eit punkt der gamle strategiar ikkje fungerer lenger.

Kunsten er å avdekke bortforklaringar og løgn og manipulasjon, og gi vekst til nye system. Vi kan bortforklare med at løgner betyr så lite, men skal vi få endringar i samfunnet må vi starte med det vi ser.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.