I vår kultur er vi opplærd til å be og vera i bønn. Falde fingrande i kross og hendene mot kvarandre og be for at andre får det godt. Det er ein kulturarv. Medan meditasjon har vore relativt framande for oss vestlege menneske. Men ei tids bølgje er over oss og vi har knytt band til å meditere.

Bønn og meditasjon utfyller kvarandre som hand i hanske. Øst og vest møtes. Tar i mot med eine handa og gir frå seg med den andre. Bønn vender tanken utover, vi takkar for gåvene vi har fått. Vi ber for oss sjølv og vi ber for andre og vi ber om hjelp. Det vi ynskjer og det vi håpar på. Lydlaus på innsida renn orda frå hjarta. Meditasjon er å konsentrere seg om ingenting eller halde fokus på pusten. La kroppen falle sakte til ro og etter kvart kjenne muskulaturen flyte. Til slutt høyrer ein hjarta slå og kjenner blodet strøymer gjennom kroppen. Heilt utan at tanken rører på seg, den er totalt fråverande. Og kropp og sjel finn ro. Sansane fungerer betre etter ei økt med meditasjon.

Bønn og meditasjon gir balanse. Den eine strekker seg oppover. Den andre jordar kroppen til jorda. Vi treng å vera like mykje oppe som nede. Slik pusten har sin indre balanse. Vi drar pusten innover til innsida og på utpusten så vender livet utover. Inn og ut i harmonisk balanse. Gjennom bønn og meditasjon møtes den ytre og indre verden. Kunsten er å vera i balanse.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.