Blå himmel til frukost

Tenk å få blå himmel til frukost! Det er heilt himmelsk. Dagen er til å ete opp. Det smakar luftig og svevande. Og ein drikker det inn og nyte i lange drag med forsiktige små nipp slik at det varer lenge. Ein kjenner takksemd stige opp frå ei indre kjelde og foldar seg ut. Å oppdage det vakre i alt vekkjer liv i kjensla av takksemd og gir harmonisk fred og ro tilbake.

Alt er så vakkert. Når auga stirer opp på den tomme blå himmelen så finnes det ikkje noko vakrare bilde å kikke på. Auga fylles med alt og ingenting. Og ein blå bris klappar varsamt på kinnet medan morgonstemning av Grieg fyller huset. Innvendig og utvendig. Og Om-sluttar alt. Ein liten songfugl leitar etter mat til nøstene sine og kvitrar med for å finne takten. Fuglesong er som musikk i øyra. Ein morgonrus. Som å vakne opp i eventyrland tulla inn i eit magisk slør. Forførande. Fortryllande og skinnande. Alt er reint og kvit og med nye blanke ark. Uendeleg med gåver ligg strødd som ein krans omkring. Glede og fryd bruse og sprute liv gjennom årene og fossar som ei elv frå topp til tå på innsida. Den klare reine lufta gjennomborar kvar ei celle i kroppen og ein ser verda gjennom nysgjerrige små barneauge som forundringsfulle lurer på kva dagen skjuler. Det kriblar av livslyst og spenning til å ta fatt. Og smi medan jernet er varmt. Alt dette vakre er essensen i livet, men ein må opne auga for å sjå det.

Kunsten er å vera takknemlig. For utan takksemd er det vanskeleg å sjå det vakre. Det er i dei små gledene ein finn dei store.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.