Eg lurer ofte på kva drivkrefter det er som styrer i samfunnet, og som pressar på og pressar oss bort frå det naturlege og det beste for oss. Og små barn er mest utsett.
Mot sunn fornuft og kunnskap vart det for ein generasjon sidan vedtatt at barn skal starte på skulen som 5-6 åringar. Mange kjente galskapen då denne djuptgripande endringa var vedteke. Og eg trur dette er ein av grunnane til mange barn slit og har utfordringar i dag. Argumentet var at dei skulle leike seg gjennom første året. Og hadde det skjedd så hadde kanskje ting vore betre. Men leiken vart fjerna og inn kom harde krav om lærdom og kunnskap og teori allereie i første klasse. Og vi ser at denne einsidige vinklinga på lærdom kan bryte skulebarna ned over tid. Det er gjennom leik og kunst og musikk og andre sanselege former ein lære å erfare livet. Og vi er blitt kua til å akseptere systemet slik det er. Med ting startar før skulealderen. Barnehagen er nesten blitt frivillig tvang i samfunnet og når det er sagt, så er den ei velsigning for mange barn. Men systemet er som ein institusjon, og etter mange år kan barna bli institusjonaliserte. I dette systemet har barna berre krav på tre veker ferie, sånn sett er kyr mykje betre stilt i lovverket. Dei hoppe og sprette og er som ville dyr når dei sleppe ut på beite om våren. Slik barna var før i tida når dei tok fatt på åtte veker ferie med berre frie og late dagar frå morgon til kveld. For utan ferie som bakteppe blir kvardagen grå og trist. Og livet manglar ein dimensjon. Men at små barn skal ha to månader fri frå det faste opplegget er ut av manns minne. Det er faktisk eit minne frå farne tider.
Eg synes det er ei trist utvikling i samfunnet. Og eg lurer på kva krefter er det som drive oss framover. Kunsten er å skape eit samfunn der barna lever i harmoni med det naturlege.