Å gå barbeint i sommarvarmen er skjønt. Ein naken fot trør forsiktig i graset som har vakna til liv etter vinteren sin kulde og kvile. Eit grønt underlag bærer heile kroppen og skapar kontakt med jorda. Ein varm nærkontakt. Det gylne grøne graset formar seg som eit par mjuke sko når den nakne fotsålen trykket lett og ledig mot underlaget. Naturen kjem så nær. Den omfamnar og gir ro og fred. Dei tynnslitte og kjenslevare nervane blir sårbeint når underlaget trykkjer på såre og ømme punkter. Ein lang vinter har føtene vore innpakka og innelåst i stive og harde sko. Det er ei gåve frå naturen i kvart steg.

Kunsten er å lufte ut og fylle opp med ny giv. Tenk så lite som skal til for å skifte ei sinnstemning frå utsliten og trist til glødande og sprudlande. Å gå barbeint kostar ingenting og jordenergien pressar seg inn gjennom små punkter i fotsålen og veks oppetter leggene og lår og plantar seg inn i kroppen og er ein naturleg oppkvikkar. Det er næring til kropp og sjel. Kunsten er å finne små stunder til å sparke av seg skoa. Og nyte kontakten mellom ein bar fot og eit naturleg underlag. Det skal så lite til for å kjenne ein lever.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.