Kunsten er å vera sentrert. Og avbalansert. Men plutseleg er fell ein ut av fatning. Eit utbrot av raseri eller sorg eller andre kjensler bruse ut. Og pulsen hoppar opp og hovudet går varmt. Blir i fyr og flamme før ein samle seg med å trekkje pusten djupt ned i magen og tel sakte til ti. Og roe seg ned. Mange ting påverke og skape ubalanse. Ein beskjed går gjennom oss. Ein treffande reklame. Ein bitande kommentar som provoserer. Ein emosjon drar ein ut av sitt gode skinn, kjenner den jobbar gjennom kroppen før den gir slepp. Eller vi blir dratt inn i andre menneske sine drama. Tankar grip fatt og spring langt utpå viddene. I eit tankespinn. På utsida av meg sjølv. Kunsten er å kome ut av spinninga og finne ro i sinnet. Det er lett å misse kontakt med seg sjølv. Trekt opp av ytre impulsar eller trekt ut i tankar. Då er kunsten å trekke tankar og emosjonar heim igjen og observerer i staden for å vera ein del av emosjonen som sprette ut eller tanken som spring bort. Kunsten er å vera roleg og samla i alt som skjer.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.