Å kaste anker festar båten fast til botn og er eit fast haldepunkt. Slik at båten kan duppe opp og ned på sjøen utan å drive bort. Båten bles ikkje bort med vær og vind når den er ankra fast. Ei solid forankring tåler ein støyt.
Vi bærer alle eit anker inni oss. Eit usynleg anker vi kan kaste ut for å feste grepet i oss sjølv. Når det bles storm og vinden riv og ruskar er det fast og trygt å ha noko å henge fast i. Ein stad å søkje ly. Ei rot der ein høyrer heim. Eit ankerfeste er eit referansepunkt. For utan ankerfeste flyt ein fritt bort frå seg sjølv. Der ein prøver meir å bli akseptert av andre enn å bli seg sjølv. Det er verdifullt og kanskje livsviktig å tru på seg sjølv midt oppi alt som skjer i samfunnet. For det er lett å bli forvirra av alle inntrykka frå den store verda. Mange seier det eine og nokre seier det andre og mangfaldet av meiningar er stort. Kunsten er å tru meir på seg sjølv enn på andre. La tvilen smuldre bort og vera tru med seg sjølv. Og vite at sanninga alltid er ankra fast inni oss.
Kunsten er å ankre seg fast i eigen identitet. Ein identitet fri alle andre. Ein er den ein er. Å vera fast og trygg og uforanderlig. Godt festa på trygg grunn.