Vi deler skjebne med resten av verda. Korona har vist oss kor avhengig og tett vi heng saman. Verda blir pakka meir og meir inn og blir mindre og mindre. Vi er alle i same båt. Men likevel kjempar vi mot kvarandre utan omsorg for andre, og nasjonar nektar å hjelpe andre land med smitteverns utstyr. Vi slås mot kvarandre til båten nesten kvelver.

Og når vi alle er i same båt treng vi å hjelpe kvarandre. For hjelpande hender bind oss saman. Eit bindemiddel for å halde båten flytande. Det skaper avstand å slås mot kvarandre. Eller gasse seg i overflod medan andre manglar mat. Det splittar i to og båten kan kantre. Nauda er stor i verda av svolt og fattigdom. Og sterke økonomiske interesser skaper skeiv fordeling av jorda sine ressursar. Vi treng eit nytt system som omdisponere rikdom. Kunsten er å dele fordi det er nok til alle på jorda. Vi er kome til jorda for å leve ikkje for å svelte. Det bør vera ein menneske rett å leve utan å bekymre seg for å ha mat, kler og husly. Gi alle menneske garanti for eit menneskeverd slik at å overleve aldri meir blir tema. Det er etablert ei tru på å klare seg sjølv og kjempe for retten til å overleve. Men det er når vi står saman vi står stødig. Det verkar håplaust med all vondskap og korrupsjon som styrer i verda. Men då er det godt å tru at gamle system står for fall og noko nytt vil blomstre opp.

Kunsten er å bry seg og ta vare på kvarandre. Og gi håp til kvarandre for håp kan løfte menneske opp. Det vil skape fred og balanse på jorda å gjere mot andre det du vil andre skal gjera mot deg.  Vi er alle i same båt.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.