Alle er så like no til dags. Vi lar oss støype i same forma, og formar oss etter den. Like kler med moderne snitt, like hus og same kjøkken, berre med små nyansar. Vi lever i same takt og snakkar i same tonefall. Alle er positive og alle meiner det same. Overalt er det prikk like tenåringsjenter med langt glatt hår og farga vipper og velsmurt hud. Eg ser knapt forskjell. For på avstand flyt den store massen saman. Slik før då alle kinesarane hadde grå mao jakke og kortklipt hår. Og var ein homogen masse. Eit samfunn støypt i same form.
Vi renn saman som ein pudding og størknar som grå masse. Og når ein er med på leiken, så er det vanskeleg å finne si eiga form. På flyplassen vert ein slusa inn i like system verda over med gjennomlyst sikkerhet og skilt som leier ein til gater og nye sjekkar. Står på linje og føyer seg mjukt inn i ramma rundt. Alt anna lagar bråk og meiningar vert reinska av lenge før take off. Det er berre å følgje straumen, så går det bra. Har ein gått inn døra er ein garantert å kome ut rett dør på andre sida av verda. Slik er systemet. Så det er jo ikkje rart vi blir like. Vi trur vi er isolerte individ med eigne val, men på avstand er den homogene massen styrt av usynlege krefter. Vi er fanga likevel.
Vi lever som egoistiske individ i eit samfunn med individualistisk trend der avstanden til å vera avhengig av andre menneske er like langt som hagehekken er høg. Og trur på fridom for den enkelte. Men kunsten er å sjå illusjonen.