All makt i overmakta sine hender

Eg har eigentleg sett punktum for å skrive om nettgigantane si rolle i samfunnet fordi vi er meir opplyste no. Men eg klarer ikkje å la vera å uttrykke meg når Twitter slettar presidenten sin konto.

For då lurer eg på kven som har den reelle makta i verda. Vi kan snakke demokratiet opp og ned og bruke vakre ord, men det har liten verdi når vi ser dei ulike plattformene utøve makt over regjering og statsmakt og det offentlege og kor tilfeldig denne makta vert forvalta. Med eit enkelt klikk fjernar Twitter presidenten frå det offentlege romme og demonstrerer si makt. Makta kom til overflata og vart synleg. Dette handlar ikkje om Trump og hans personlegdom og handlingar. Det handlar om at vi er kome til eit tidspunktet i evolusjonen der nettgigantane set ytringsfridom på spel og plattformer som Apple, Amazon, Google og Facebook står fritt til å gjere kva dei vil. Utan fare for å bli straffa eller sett i korta eller stå til ansvar for sine handlingar. Plattformene er privat eigd og ligg utanfor samfunnet sine rettssystem. Nøytrale og utan ansvar på eine sida. Sensurerer og tar redaktør ansvar i andre samanhengar. Og resultatet blir vilkårleg. Og alle prosessar skjer bak lukka dører utan innsyn. Foreløpig er det usynleg korleis Google bruker makta si der 90 % av verdas folk er avhengige av nettlesaren i tillegg til alle gratis applikasjonar og programvarer. Med eit lite klikk kan nettgiganten stoppe sjølv dei enklaste funksjonane i samfunnet og setje styremakter i dei fleste land på dei fleste kontingent ut av spel. Verden er sårbar når så mykje makt er samla i ei hand. Så enkelt og så katastrofalt. Men vi lukkar auga og lukkar ute sjansen for at det skjer. Kunsten er å opne auga for kven som styrer verden.

Heldigvis var det ein kort notis om Twitter og Trump på nettsida til NRK. Det gjorde meg glad å oppdaga at det i det minste vart omtala fordi om det var relativt trongt fokusert. Det kan umuleg vera rett at ei handfull kommersielle aktørar, som fungerer utanfor lov og rett, skal overta styringa av verden. Men dessverre er det ikkje langt frå sanninga.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.