Vi har lite innsyn i kva som skjer på toppen av Facebook, YouTube og Apple. Dei lukkar seg inne i mørke rom og styrer oss som marionettar og har oss i si hule hand. Og set oss ut av spel når dei finn det for godt. Det er skummelt når all makt vert samla på få hender. For makt er lett å misbruke. Og misbrukt vert det.
System som fungerer er underlagt eit regelverk og gardiner vert trekt til side slik at alle kan sjå bakgrunnen og få innsyn i vedtak og verdiar. Og alle partar blir høyrt og tatt vare på etter beste evne. Men dei tre gigantane gjer berre det som tener dei best utan omtanke for menneske. Det rakna for Apple då sanninga med oppdatering av iPhone6 vart oppdaga. Operatøren programmerte inn låg hastigheten på den gamle versjonen av telefonen. Baktanken med å skape treg telefon var å skape lengsel etter ny. Det kallas simpelt misbruk av vanlege menneske. Vi merkar telefonen går tregt, men manglar informasjon til å skjøne kvifor. Det skjer over hovudet på oss. Vi får vera takknemlige så lenge det er liv i journalistar som ruske tak i grumsete handlingar. Og håpe vi slepp russiske tilstandar der dei berre tar livet av opponenten som avslører sanninga.
Under diktatoriske tilstandar har menneske det generelt vondt. Hitler prøvde å samle alle makt i sine hender og skape eit verdsrike, men han lukkast heldigvis ikkje. No skjer det same, berre i ei litt anna form og utforming. Litt meir formlaust og mindre handfast kan ein vel seia. Vi er vevd inn i eit nettverk av trådar som snart tar kvelartak på oss. Kunsten er å gjennomskode spelet.