Det skjer innimellom at vi får ei aha oppleving. Det skjer akutt og er som ein revolusjon i forstanden. Sjølv små aha opplevingar blir store når dei treff. Som ei pil blir skotne inn i kroppen, hjarta og forstanden samtidig. Og ein berre veit at slik er det.

Ein gong såg barnet på fjernsyn at det stod Dr. og namnet. Det kom eit djupt utpust frå barnet som plutselig oppdaga at Dr. betyr doktor. Så lite, men så stort! Den kunnskapen vil han bære med seg heile livet. Eller den nye maskinen som har vore så stridig og lite samarbeidsvillig, men etter mange forsøk så plutseleg går det eit lys opp korleis den fungerer. Så herleg å meistre! Eller eit spørsmål som har ulma for å finne eit svar. Så dukkar det opp teikn på ulik vis, enten ein observasjon eller ein tilfeldige kommentar frå ein person eller ein ide som dalar ned. Vi samlar og legg saman, og knips  – der kom svaret dalande ned. Ny lærdom festar seg fast i usynlege gropen på innsida og kjem til nytte når det trengs.

Aha opplevingar skjer fort og dei skjer når ein minst anar det. Men det er herleg når det skjer. Det er som livet ventar på rette tida for å knipse den til oss som ei gåve.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.