Ærlegdom varer lengst. Den gamle barnelærdomen rustar aldri. Men det er eit sjukdomsteikn i samfunnet når løgn og bedrag kan passere utan å få konsekvensar. Det verkar som det er blitt allment akseptert å lure seg unna. Eller berre lyge andre opp i ansiktet. Men rett kan det aldri bli. Og eg trur at vi menneske har kome til eit vendepunkt no, der vi er på veg til å reparere sjukdommen i samfunnet slik at det blir friskt igjen.
Vi har alle har ei indre rettesnor. Men det er med trekant som går rundt og rundt og til slutt blir butt og rund i hjørna. Å vera ærleg mot seg sjølv er kanskje det mest utfordrande. Løgner renne ut av munnen for å sleppe og stå ansikt til ansikt med sanninga. Ser maktmisbruk, men gøymer seg uærleg og feigt bort og lukkar auga. Det kan koste dyrt å vera ærleg og redsla for å falle utanfor det gode lag pressar på. Men alle handlingar vil alltid på eit eller anna tidspunkt få konsekvensar. Slik ei mor med ein gong ser bresten dersom den litle guten lyg.
Kunsten er å lytte til den indre røysta som fortel sanninga og handle deretter. Ingen kan endre andre eller straumar i samfunnet. Men alle kan ta eigne val og snu ryggen til løgner. Livet er enkelt når ein er ærleg.