Å vera i harmoni med livet

Å leva harmonisk med livet er dagar som flyt i naturlig rytme. Det eine drar det andre med seg. Arbeidsoppgåver og gjeremål legg seg til rette som perler på ei snor. Som ei flytande elv. Alt heng saman og alt kjem i rett rekkefølgje.

Ein intuisjon dett inn og plutseleg går ein i gong med å ordne ting og tang som over lenger tid har lagt på vent. Fort gjort. Det ordnar seg lett utan strev og fell naturlig på plass av seg sjølv. Tidspunktet er perfekt og alt er i rytme med universet. Ein er i «flow» seier vi med eit salig smil etterpå. Utan å lytte til vibrasjonen i dagen så kan mange pinnar kome i vegen. Ting går tungt og mykje går feil. Og sånne dagar går spinninga ofte opp i vinninga.

Kunsten er å vera i harmoni med universet sin rytme og ta innover seg stemninga som fyller dagen. Og vera kjenslevar nok til å sanse det. Alle kan oppleve dette dersom ein stoppar litt opp og finne  kontakten. Det er ulike dagar med ulike svingingar. Nokre er energifulle og kraftig, andre dagar slappe og tomme. Alt til si tid. Kunsten er å finne rytmen i livet.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.