Det er nye tider. Det store bevissthetsspranget er over oss. Mange har i mange år snakka om det store spranget som vil skje menneskeslekta. Der vi vaknar opp til nye væremåtar og levemåtar. Ting skjer gradvis og forsiktig slik alle prosessar i naturen skjer, og det skjer ikkje fortare enn vi klarer å ta det inn over oss. Likevel kan vi ane konturane av det nye når vi stikk følehorna ut og observere endringar rundt oss.
Den ytre ned stenginga i samfunnet har hjelpt å opne den indre ned stenginga vi har bært på i årevis. Vi har bli betre kjent med oss sjølv og funne meir ro i kvardagen. Eller kanskje frykt og redsel har fått større grep og blitt tydlegare. Det som før var nedtrykt og godt fortrengt har pressa seg ut til overflata. Når indre spenningar blir synlege så forløyser dei seg. Kunsten er å gi slepp. Vi veit så lite korleis denne nye æraen til menneskeslekta vil ta form fordi vi aldri har erfart dette før. Men når vi ser langt tilbake så har menneske endra seg lite. Framleis krigar vi mot kvarandre og gjer kvarandre vondt. Det vi veit er at høgare utvikla skapningar er slutta med dette og vil kvarandre godt. Vi skal saman skape eit samfunn med nye byggeklossar og ein grunnmur basert på sanne verdiar.
Eit bevissthetssprang er å utvide bevisstheten. Det er ekspansjon. Ei utviding av menneske slik at vi blir lysare og får større klarhet og ein djupare fred. Det indre vil spegle det ytre, og vi skal vakne opp til å leve frå innsida og ut. Alle skal med, men ingen kan gå vegen for andre. Det må ein gjere aleine. Kunsten er å vera villig til å vakne opp.