Livet er magisk. Å leve er å kjenne livet bruse gjennom kroppen. Spenning og undring over kva dagen bringer løftar oss opp. For livet har stort potensiale til å vera fantastisk dersom ein er villig til å ekspandere og opne opp fastbunde grenser.
Livet er meir enn å leve på sparebluss. Eller leve i trua at er det greitt nok så er det godt nok. Vi er prega av lave forventningar til livet og tungsinn kan fort ta overhand. Kunsten er å gripe fatt. Å ta tak i livet er å riste laus det overflødige og bli autentisk med seg sjølv. Ei handling. Ei fysisk endring. Å gå innover og lytte til kroppen sin visdom. Kjenne forskjell på fri flyt og blokkeringar som er fastlåst i kroppen. Og løyse opp frå innsida og utover. Dette er å utvikle seg sjølv. Sjølvutvikling. Som for mange er negativt lada fordi «main stream» media over lang tid har omtala det i negative ordelag og latterleggjort. Er det ikkje rart korleis vi blir påverka og skaper negative bilde på det mest naturlege handgrepet i livet? Eg har sjølv vore opptatt med sjølvutvikling sidan eg var ganske ung, men det har vore ein langsam prosess med å uttrykke det i sosiale settingar. Det er lettare no fordi eg ser fruktene av arbeidet, ja for det er eit arbeid fordi om det er usynleg og subtil. Arbeidet har styrt livet i den retning eg vil og formar meg til den eg har lyst å vera.
Sjølvutvikling kan vera så mangt, det er mange verktøy tilgjengeleg eller det kan rett og slett vera stille arbeid. Kvar enkelt startar der det er naturleg å starte. Men uansett krev det fokus og tid og vilje for at livsglede skal sprudle utover og løfte opp. Det er skammeleg lett å la livet renne bort i sofakroken med å scrolle på sosiale media og la seg forføre vidare utover på nettet og vips så er tida til å ta tak over for denne dagen. Kunsten er å gripe tak når livet bankar på for å kome inn.