Det lyser ut styrke og glede frå det menneske som står fullt og heilt i si indre kraft. Som er seg sjølv. Ubøyelege men likevel mjuk. Eg var på ein konsert der dirigenten strøymde ut ei kraft med kraftfulle armslag, brå og intense, men likevel mjuke og forførande. Slik vi alle i trygge situasjonar slår ut vengjene, sveve majestetisk over golvet og kjenne rytmen uttrykke seg gjennom kroppen. Men i andre sosiale lag kan ein visne bort, bli stiv som ein stokk og miste all si kraft. Og forsvinne som ei grå mus.

Kunsten er å stå i seg sjølv. Ganske enkelt, likevel så vanskeleg. Vi gir ofte krafta frå oss til ytre kjelder. Både til kulturelle og sosiale fordomar og illusjonar. Og misser kontakt med vår eiga krafta eller fryse den fast. Vil passe inn blant alle andre. Slutter å uttrykke meiningar av redsel. Eller seier det andre vil høyre. Tar skulda på seg om nokon der ute blir sinte og trur det er min feil. Eller tar andre sitt ansvar. Påfører seg skam og krymper bort. Fordømer andre og kritiserer seg sjølv. Prøver å leve opp til andre sine forventingar med å vera noko anna enn ein eigentleg er. Slik har alle dei små og store historiene opp gjennom livet satt sitt preg. Ei historie med tankar, kjensler, opplevingar, relasjonar og emosjonar som har fragmentert krafta bort. Kunsten er å hente krafta tilbake. Og finne tilbake seg sjølv.

Einaste mål med livet er å vera seg sjølv. Strålande. Og oppdage sin eigen glans. Det er å utvide sjela. Det er å kome heim. Kunsten er å la vår storhet skinne gjennom.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.