Ingen skal vera heilt aleine og klare alt sjølv. Det er ikkje menneske skapt for. Vi treng både støtte og rettleiing for å finne ut av livet. Det er godt å bli sett og få omsorg for å bli stødigare på eigen bein. Eller få eit klapp på skuldra. Men å skape seg sjølv skjer frå innsida og utover.

Kunsten er å stole på seg sjølv og ta eigne val. Ingenting er rett eller galt, alt er erfaring. Å lytte til gode råd når ein stasar seg opp med nye kler er bra, men ein må sjølv kjenne korleis dei er å ha på kroppen. Hjelpande hender er det over alt, men det er lett å gå seg vill. Betalar i dyre domar til ei spåkone for det ein innerst inne veit. For ingen kan gi fasit på framtida, vegen blir til undervegs og det er berre ein sjølv som kan velje utfallsrommet i livet. Eller ein er pasient på eit kontor og set andre på den høge pidestallen. Det kan nokre gonger vera livsfarlig å leggje seg sjølv i andre si makt. Ting blir ofte forvridd når det går omvegar via andre, og får ei misfarging under vegs. Alt som går ut av ein munn og inn i ein anna, blir fargelagt før det kjem tilbake. Og denne fargelegginga kan føre på ville vegar.

Kunsten er å spør livet om hjelp og gå ut å hente inntrykk, men løyse opp sjølv. Å løyse opp problemet der det høyrer heime. Og stole på seg sjølv når ein veit svaret. For alle svara ligg inni oss,  det er det som er så fantastisk. Det ligg ikkje på utsida, og det er ingen andre som kan vite kva eg treng vite. Det enkle er ofte det beste.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.