Det er stor forskjell å springe frå livet og å springe for livet. Når ein spring for livet ser eg for meg eit vill vondt rovdyr i hælane og då er det å ta beina fatt og håpe ein overlever.
Men å springe frå livet er å ha det så travelt i kvardagen at livet passerer utan å bli lagt merke til. Utan å bli levd. Det renn bort i aktivitet og tidsfristar og møter og heseblesande støy og få ting på plass og få ting til å fungere og å ha det travelt rett og slett. Sit døgnet rundt på jobben for å bli ferdig i tide, medan solheite dagar forsvinn i aircondition. Eller snødekka landskap som ligg klar for å opne eit stille rom, men det er ikkje rom for å ta turen for ein skal berre springe frå livet først. Alt sit fast i hovudet. Dag ut og dag inn er ein springetur. I mars er kalenderen full fram til sommaren, skal berre springe gjennom denne våren og.
Når kvardagsminner blandar seg saman og ein byrjar å manøvrere livet etter høgtidsdagar så er det på tide å leve rolegare. Det kan gi energi å ha det travelt, men kunsten er å stoppe dersom ein blir trøtt av springeturen. Livet skal levast kvar dag, det er ingen meining i å vente til seinare med å leve.