Å skape draumane vi vil sjå i framtida kan gi oss ny historie. Men for å skape det, må vi tru på det. Vi kan velje å tru på positive framtidsbilde for menneskeslekta. Der verden er meir inkluderande med like moglegheiter og rettighetar for alle menneska. Og at menneske kan finne balanse mellom avansert teknologi og ein verden full av harmoni. Eit av dei viktigaste vala kvar enkelt gjer er om vi trur vi lever i eit vennleg eller fiendtleg univers.
Vi drar på ei baktung historie og det pregar folk si tru på framtida. Frykta har prenta seg inn i kropp og sjel. Informasjon om vald og kyniske handlingar er kontinuerleg pressa på oss over lang tid. Det kom forsiktig snikande inn, så har intensitet gradvis auka til vi i dag blir bombarderer av negative bilde. Mange trur på det vonde i menneske, og hevdar at menneska har medfødt evne til å handle vondt og egoistisk. Og trua eller trussystemet på at menneske manglar moralsk karakter har grodd fast og etablert seg som ei sanning. Derfor er det er lett å skjønne at mange har gitt opp trua på menneska. Mange viser resignasjon i kroppsspråket når det er snakk om masseovervaking, og seier det er berre å akseptere sånn tidene er blitt. Vi kjenner oss makteslause til å påverke styre og stell. Alt i alt gir mange fokus til at framtida ser dyster ut. Og det vi gir fokus, det kan skje.
Å skifte fokus frå det vonde til å omfamne medkjensle og hjartevarmen vil endre historia. Tida er inne for å skape nye visjonar for menneska. Kunsten er å tru at framtida blir skapt av det vi bærer inni oss, og ikkje i den ytre verda. Slik kan den indre trua påverkar det ytre livet, og nytt fokus på framtidsbilde kan skape nye tider. Kunsten er å snu tankegangen og gjere draumen om betre tider for menneska levande.