Fred springe ut frå innsida og lyser indre ro utover. Fred er å vera tanketom i hovudet og falle inn i seg sjølv. Men når stormaktene lyser krig kan det ta livspusten frå oss av redsel. Eller sorg over det vi høyrer og ser. Nyheiter skrivne på svart bakgrunn for å understreke alvoret er sterke ytre krefter som vil mørklegge vårt indre lys med frykt. Men kunsten er å stenge den ytre støyen ute. Og ikkje la seg rive med av mørke drivkrefter som drar ned og får tankar og ord til å spinne rundt. For dei sprette rundt, dei matar kvarandre og vekse og blir fleire og fleire. Vi skaper livet med det vi sette søkelys på. Alt vi gir merksemd til og alt vi tenkjer på eller snakkar om blir det meir av. Til meir vi fokuserer på noko, til meir liv får det. Hovudspetakkel skaper ufred, men det vi søkjer er fred. Den naturlege freden med oss sjølv der hjarta slår fasttakt, trygt og roleg. Kunsten er å falle til ro og berre observerer det som skjer ute i verda utan å bli del av det. Utan å gi det næring. Kunsten er å lyse fred med seg sjølv. Og stoppe tankestraumen av tunge tankar og vende den lyse sida til. Slik vi blir oppløfta og løfter kvarandre opp. Derfor er kunsten å gi tilstanden av fred bevissthet. Ingen tankar, ingen ord, berre fred og ro.