Det er spesiell stemning i lufta no når korona virusets flakkar rundt og utelivet er stengt. Så ulikt livet ut og inn av døra og full fart til neste aktivitet frå tidleg morgon til seine kvelden. Det er roleg å vera heime. Døra lukka oss inne og stenger støyen på utsida ute.
Dette er ein gylden sjanse til å søkje innover. Bli kjent med sitt indre barn. Å falle til ro heime er ein ukjent tilstanden for mange. Og når roa senkar seg kan det dukke opp ei uro som gnage. Ein brest i overflata opnar seg opp og uforløyste kjensler og innelukka sår frå barndommen byrjar å røre på seg. Barnet verna seg sjølv med å lukke igjen som ein østers for å sleppe smerte. I voksen alder så reagerer det indre barnet med forsvar eller angrep. Eller med å vera stolt som ein hane eller blid som ei lerke. Kanskje skjemst det eller er sint og redd for det ukjent. Slik vart det indre barnet kapsla inn som ein separat del av oss. Kunsten er å rydde opp i barnslege reaksjonar slik at det vaksne livet fungerer betre. For å bruke barnet sin reaksjonsmåte sluttar etter ei tid å fungere.
Å reagere som eit barn i vaksen alder er ei umoden handling, og det er dette vårt indre arbeid bevisstgjere. Kunsten er å forløyse det indre barnet slik at det på nytt smeltar saman med kropp og sinn. Og blir heilt og rundt og omslutta. Å oppdage sitt indre er å opne opp og vera sårbar. Berre gjennom å vera sårbar kan ein bli sterk. Kunsten er å kome heim.