Vi er her for kvarandre. Vi skal knytte tette band med medmenneske. Den eine dagen lytte, den andre dagen snakke. I god balanse med å få og gi like mykje.
Det varmar i hjarterota å bli sett av eit medmenneske. Som ser tvers gjennom det ein smilande prøver å glatte over og halde tilbake. Det som stikk djupare og ulmar under overflata. Det kan faktisk vera så sterkt å bli sett at tårene spretter. Eit medmenneske ser små nyansar og tefte om alt er bra og hjelper til å tømme ut. For vi er alle skapt for å lytte til andre sitt hjarta. Slik kan forløysande ord reparere djupe sår. Kunsten er å overføre kjenslene som brenn på innsida til synlege ord på utsida. Vi treng å vera tettare på kvarande for å kjenne varmen frå kvarandre. Og treffande orda reflekterer forståing tilbake. Utan ord. Og det er dette som er så spesielt å kjenne. Denne varme straumen av å bli forstått. Og bli sett.
Men kor er dei desse medmenneska som lyttande hjelper andre til å frigjere seg? Jo det er meg og deg. Vi treng alle eit medmenneske å støtte oss til, og vi kan alle vera eit medmenneske som gir støtte. Vi treng kvarandre, finne tonen saman og vera på bølgjelengde. Kunsten er å svinge i takt.