Ein kan undre seg over korleis nye idear tar form. Eg føler dei kjem når tida er inne og ligg i ei sky over oss klar til å bli snappa opp og sett ut i livet. Alle kan hente dei ned, du har og sikkert fått glimt av nye geniale idear. Det er berre spørsmål om å vera førstemann til å gripe tak og formidle dei utover i samfunnet. Nyleg dukka det opp to idear, som er vel verdt å merke seg.
Den eine ideen er å slutte og subsidiere barnehageplass til foreldre som sender barna i barnehagen medan dei sjølve har fridag. For eksempel tar fjelltur eller skitur i strålande vær medan dei leverer barnet til oppbevaring i barnehagen. Den som leitar finn mange gode argument for å støtte egoistiske foreldre. Men essensen i dette forslaget er at nokre foreldre prioriterer eigne behov så tydeleg framfor sine eigne barn og tenkjer meir på eige beste enn det beste for barnet. Dette strider mot eit sunt foreldre- barn forhold. Og blir faktisk akseptert og løna med subsidiert barnehageplass i dag. Slike verdiar er eit sjukdomsteikn i samfunnet spør du meg. Den modige som plukka ideen ned frå skya er omtala her: https://www.nrk.no/trondelag/ap-politiker-leon-bafondoko-vil-stoppe-foreldre-fra-a-ta-barnefri-_-far-motstand-i-eget-parti-1.16709799
Den andre velfortente ideen er å bruke kunstig intelligens til å styre trafikken. Når eg las innlegget så er det innlysande. Det er like sant som det er genialt. At ingen har tenkt på det før. Eller rettare sagt, mange har nok tenkt tanken, men poenget er å plukke det ned frå skya og uttrykke ideen ut i samfunnet. Når ingen snakkar saman og alle bygger nye vegar samtidig så blir det mykje trafikk kork og frustrerte bilistar. Og hadde alle faste bilturar morgon og ettermiddag blitt kartlagt så kunne kunstig intelligens gjort bilkøen smidigare med små grep. Dette forslaget var eit lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad. https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/MoQgV5/fra-bondevett-til-kunstig-intelligens-i-trafikken
Gode forslag er verdt å merke seg, og sjølvsagte ting burde bli implementer på flekken. Men nye idear møter ofte først mykje motstand og motbør. Så vert ideen latterleggjort. Og etterpå avvist av folk som kjenner seg trødd på tærne. Men ein genial ide vil alltid overleve trur eg. Fordi det er liv laga. Kunsten er å gripe nye idear