Vi må halde takten og gå i takt elles kjem vi i utakt. Sånn er det når musikantane marsjere og slik er det med musikken i livet. Ein bør følgje tonen elles blir ein akterutsegla.

Vi  går alle i takt dersom ein legg godviljen til og ser litt stort på det. Menneskeslekta utviklar seg i takt og vi løfter saman. Og ting fell ned til oss samtidig. Eg oppdaga ein ting og får det bekrefta frå andre. Vi er opptatt av det same, men ser frå ulike vinklar. Teknologien har utvikla seg, og no er alle menneska på jorda på nettet. Ei felles teknisk utvikling. Før var det berre heltane som tok turen til Mount Everest, men no er det muleg for alle mann. For ein generasjon sidan vart den sjette sansen, intuisjonen, avfeia og overhøyrt. Men no er den velkjent og blir faktisk ganske flittig brukt, og når veldig mange blir fleirtal så er det dei andre som går i utakt. Å nekte at utviklinga skjer er som å nekte å bruke billett appen til bussen. Til sutt kan ein ikkje ta bussen fordi ein manglar kontakten.

Å jobbe som i gamle dagar fungerer ikkje lenger. Mange gode idear har blitt forkasta oppgjennom tida fordi systemet er tungrodd eller makta rår. Derfor må ofte nye tankemåtar går litt i utakt før dei finn takten. Nye tankar blir stilt inn som eit musikk instrument blir stemt. Kunsten er å leve i takt med livet. Å stivhalde på det gamle blir fort stivbeint.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.